onsdag 6. oktober 2010

Harry Potter og de vises sten


Tittel:Harry Potter og de vises sten
Gitt ut:1997
Forfattar:J.K. Rowling
Sjanger:Fantasy
Sidetal: 286

Harry Potter og de vises sten er ei bok som er skriven av J.K. Rowling og er den første av sju i serien om trollmannen Harry Potter. Boka er publisert  i England i 1997 av forlaget Bloomsbury, og oversatt til norsk i 1999. Det er laga film av boka og det finst også eit Dataspill som er basert på boka.
J.K, Rowling er ein britisk forfattar som er kjent for bøkene om Harry Potter. Ho er fødd i Cipping Sodbury i Sør England, og har  godt på bøkene om Harry Potter. I 2004 var formua hennar på 567 millionar pund, noko som gjer ho rikare en den britiske dronninga.
Ideen til boka fekk ho i løpet av ein fire timars lang tog tur, og innan toget var kommen til stasjonen var mange av personane i boka allereie laga. Ho starta å skriva på boka i lunsjpausane når ho underviste i engelsk i Portugal. Når J.K. Rowling skilde seg frå ektemannen flytta ho til Eidensburg kor ho skreiv ferdig boka.

Boka handlar om trollmannen Harry Potter som veks opp med tanten, onkelen og deira son Dudleif. Harry vert behandla dårleg fordi han er ein trollmann slik som mora hans var, og tanta har aldri tykt noko om trollmenn. Han får lite mat  og må sova i eit lite kott under trappa. Ein dag får Harry eit brev, men onkelen hans vil ikkje la Harry lesa det. Neste dag kjem det to brev, men heller ikkje denne gongen får Harry lesa brevet. Slik fortsettar dette heilt til heile huset er fullt av brev. Til slutt får Harry tak i eit brev og i det brevet står det at han skal byrja på Galtvort, som er ein skule for magi og trolldom.
Foreldra til Harry vart drepne når Harry var eit lite barn, og derfor visste ikkje Harry at han var ein trollmann før han fekk dette brevet. På skulen får han læra mykje nytt ,og skaffar seg nokon vener, han byrjar også på skulen sitt rumpeldunk lag. Rumpeldunk er ein sport kor du skal fanga ein liten flygande ball, mens du sjølv flyg på sopelime.
I slutten av boka prøver Harry og vennene hans å stoppe voldemort,  ein vond trollmann som drap Harrys foreldre,  frå å stjela ”de vises sten” som gjer at han kan koma tilbake like sterk som det han vær før han drap Harrys foreldre.

Harry Potter er ein elleve år gamal trollmann. Han bur i Hekkveien 4 saman med tanten onkelen og sonen deira Dudleif. Foreldra til Harry vart drepne av Voldemort når Harry var eitt år, Voldemort prøvde også å drepe Harry men alt Harry fekk var eit lite lyn-forma arr i panna.
Harry er ein glad gut som både lærarane og medelvar likar å omgås. Han har eit stort hjarte og kjærleik for andre, dette kjem fram gjentatte gonger i boka, kor han ofrar sit eige liv for å hjelpa andre. Han er modig og ein flink trollmann, spesielt i nokon fag som ”bekjempelse av svartekunster”.
Sidan Harry ikkje kan hugse foreldra har han veldig lyst til å møte foreldra ein siste gong, dette finn vi ut av i kapittelet kor Harry finn eit magisk spel kor du ser det du mest ynskjer, her ser Harry begge foreldra sine.
Dette er ein roman som inneheld spenning, humor, drama og fantasi. Eg likte boka veldig godt fordi den var spanande å lesa , og veldig underhaldande. Viss du ikkje har sett filmen kan boka være litt vanskelig å forstå i byrjinga pga alle orda og utrykka som J.K. Rowling har satt til de forskjellige tinga i trollmansverda, men etter kvart som du les blir boka så spanande at du ikkje kan leggja ho frå deg. Denne boka kan eg anbefala på det sterkaste, og kan lesast av personar i alle aldrar.